Velkommen!

22.3.2011

Denne nettsida har bakgrunn i ein kommentar frå ein person i min næraste omgangskrets: "Ka ska du eigentleg med alle desse bilda dine?" Eit rimeleg spørsmål, med tanke på at eg ikkje berre har nokre tusen eldre lysbilete som tar opp plass i skuffer og skåp, men også har begynt å bruke ein del tid på å fotografere digitalt og ikkje minst organisere bileta på PCen - noko det går med litt tid til (enkelte vil seie at det går med ganske mye).

Spørsmålet førte til at eg begynte å kverne på gammalt tankegods, frå den gongen eg finansierte studentlivet gjennom sal av naturbilete. Kanskje det er mogleg å få noko meir ut av bileta enn berre å kikke på dei sjølv? Det endte med denne nettsida.

Formålet var i utgangspunktet å leggje bilete ut for sal, så spreiinga er relativt stor (og vil forhåpentleg bli større). For illustrasjonar er det gjerne størst etterspurnad etter dokumentariske bilete, men for eigen del er det kjekkast med fotografiske utfordringar - som dessverre har det med å ende opp i sære og lite salbare bilete. Så eg har lagt inn litt av kvart, sjølv om dei dokumentariske bileta nok er i absolutt fleirtal.


Døme på useljeleg bilete fordi det "ikkje forestiller noko", men som likevel var morosamt å oppdage og fotografere...

Ei fotonettside med berre bilete blir likevel litt kjedelig, på same måte som ei fotobok fort kjedar auget nesten same kor gode bilete den har, dersom den ikkje har rikeleg med tekst i tillegg. Så eg har funne fram stoff frå eit par fotokurs eg har halde, omarbeidd litt, og lagt det inn under "Fototeknisk" oppe i hovudmenyen. Da blir det litt meir nettside ut av det, og kanskje finn ein noko interessant her og der. Men særleg mye samhandling med eventuelle lesarar/tittarar har eg ikkje lagt opp til. Så langt er alt av boksar for tilbakemeldingar kryssa vekk, så det finn du ikkje. Kanskje blir det meir av den sorten når eg har lært litt meir om nettsider og programmering. Eg har heller ikkje heilt knekt koden når det gjeld å finne den ideelle oppløysinga for bilete på nettet, så nokre av dei kan sjå litt ulne ut. Dette vil eg prøve å ordne etter kvart.

Den oppmerksame lesaren vil ha sett at bloggen er skriven på nynorsk. Det skulle vel berre mangle når dette er skrive i Sogn og Fjordane, og årsaka til at alt det andre er på bokmål er bokmålsopphavet mitt, og at mye av nettsida er basert på tidlegare tekstar. Dei som meiner seg ute av stand til å lese nynorsk, får finne anna å gjere.

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer