Snøheim, Reinheim og villreinen: Ja takk, begge delar?

14.3.2012

Etter at forsvaret omsider la ned skytefeltet sitt på Dovre, har DNT no fått tilbake den tidlegare turisthytta Snøheim, som blir gjenopna til sommaren. Allereie i fjor var det rikeleg med biltrafikk på vegen til Snøheim, ein veg som i utgangspunktet skulle fjernast saman med andre av forsvaret sine anlegg i området, men som etter lokalt engasjement likevel ser ut til å bli verande. Alt ligg dermed til rette for to parallelle innfallsportar til hjartet av Dovre: Snøheimvegen, som etter alt å døme kjem til å bli langt meir belasta av biltrafikk enn tidlegare, og stien innover Stroplsjødalen til Reinheim, som er mye brukt til fotturar.


Reinheim i indre del av Stroplsjødalen, med Snøhetta bak til venstre

Dovrefjell er leveområdet til den siste bestanden av opphavleg villrein i Noreg og Europa. Alle dei andre ”villreinstammane” er meir eller mindre utblanda med tamrein. Dette betyr at dersom Dovre-reinen forsvinn, er det ikkje meir ekte vare igjen. Eller kanskje vi burde seie når Dovre-reinen forsvinn, for det står ikkje så veldig bra til med denne juvelen i Noregs finaste fjellområde. Da Dovrebana blei lagt gjennom Drivdalen på 30-talet, kom den som eit hinder mellom reinen sine sommarområde i nordvest og dei gode vinterbeita på Knutshø-sida. Denne sperra blei vidare utbygd og bortimot sementert med bilvegen gjennom Drivdalen, og i dag skjer det vel knapt at reinen kryssar over til sine tidlegare vinterområde.

Resultatet er ein villreinstamme som slit med dårlege vinterbeite. Og som om ikkje dette er ille nok, ligg det vesle som er igjen av brukbare vinterbeite så nær inn mot E6 at reinen er utsett for forstyrringar. Dei beste vinterområda på vestsida er dei ofte snaublåste høgdedraga frå Høgsnyta ved Drivdalen mot Nystuguhø, Stroplsjødalen, Kolla, og innover i det tidlegare skytefeltet. For dei som kjenner Dovre, er desse namna synonyme med den mest besøkte delen av fjellområdet. Om sommaren er det jamn trafikk inn Stroplsjødalen anten ein er på moskussafari i den nedre delen av dalen eller tar turen heilt inn til Reinheim, og vinterstid er den kvista skiløypa inn til Reinheim mye brukt. Dovrereinen er ein heil del skyare enn i andre fjellområde, og aktiviteten av turgåarar gjer nok at den vesle resten av gode vinterbeiteområde i praksis er lite tilgjengelege.

Denne situasjonen vil ikkje bli betre når Snøheim blir opna. Som nemnt blir det da to parallelle innfallsportar som skjerer seg inn mot Snøhetta gjennom vinterbeiteområdet, ein til Snøheim og ein til Reinheim. Det er nesten synd å seie dette om ei av mine favoritthytter i den norske fjellheimen, men bør ikkje DNT no stenge Reinheim? For ein ansvarleg naturvernorganisasjon må det vere eit paradoks at den er ansvarleg for å oppretthalde aktivitetar som verkar negativt inn på ein dyreart som Noreg har eit internasjonalt forvaltingsansvar for, og som er noko nær eit nasjonalt ikon.

Eg går ut frå at Snøheim har kome for å bli. Og på mange måtar kan det vere positivt å flytte trafikken av folk inn hit og bort frå Stroplsjødalen. Snøhetta er turmål for svært mange av dei som hittil har besøkt Reinheim, og dette vil det ligge godt til rette for også frå Snøheim. Og for dei som vil lenger inn i fjellet, er Snøheim eit like greitt utgangspunkt som Reinheim.

DNT bør derfor vurdere om ikkje Reinheim no bør stengast, og turløypa inn dit leggjast ned. I det minste bør Reinheim stengast haust og vinter, slik at villreinen i framtida kan bruke dei gode vinterbeita utover Stroplsjødalen meir regelmessig. På sommarstid kan moskussafariane inn dalen sikkert gå som i dag utan større problem, og dei som tar turen til Dovre for å fotografere moskus vinterstid får vi håpe og tru både er få og ansvarlege. Utan Reinheim å ty til for overnatting vil i alle fall aktiviteten i det mest sårbare området bli redusert både med tanke på tal personar og aktivitetsradius. For dei som verkeleg er glade i Dovrefjell og livet der, trur eg dette er eit offer vi kan leve med.


Frå Stroplsjødalen, februar 2012. Ikkje ein villrein var å sjå i det som skulle vere eit viktig vinterbeiteområde for arten…

Joda, eg har sjølv vore på Dovre i det området som reinen skulle ha brukt som vinterbeite. Men truleg var det så nær opp mot vinterferien at reinen var over alle haugar. Moskusen fekk ha beitet for seg sjølv...

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer