Ørneleik

25.5.2012

Å bu landleg til er stort sett berre positivt - naturleg nok, ettersom nærkontakt med naturen er det som skal til for å gi livet meining. Men det må likevel seiast at ikkje alle sider ved livet i eit fylke med overvekt av rurale verdiar er like positive. Noko av det som stundom gjer at ein ikkje veit om ein skal le eller grine, er at delar av befolkninga tilsynelatande har eit syn på rovdyr som best kan beskrivast som kunnskapslaust. Denne tilstanden er nok i stor grad påverka av tallause små avisredaksjonar og ein lokalradio som ikkje har kritisk journalistikk som sine kjennemerke, for året rundt er det eit konstant surr i media om rovdyr som eit trugsmål mot landbruket i Sogn og Fjordane - trass i at alle som tar seg bryet med å lese landbruksforvaltinga sine eigne tal veit at minst 90 % av alle sauar som stryk med gjennom beitesesongen på Vestlandet døyr av flogemakk, flått, alveld og diverse sjukdommar, eller dyra går seg fast, veltar, eller ramlar utfor i terreng dei ikke er tilpassa å ferdast i.

Sjølv om tala frå Norsk Landbruksforvalting sitt beiteprosjekt (her) viser at rundt 30 000 av dei 32 245 sauene som strauk med på utmarksbeite på Vestlandet ved siste teljing blei drepne av alt anna enn rovdyr, er dette noko som aldri kjem fram i media. Derimot er det nesten ingen grenser for kor oppfinnsame enkelte kan vere når det gjeld å finne eit eigna rovdyr å skulde på. Til og med røyskatt og oter tar sau på Vestlandet.

For ikkje å snakke om "ørna". I media, og truleg også blant folk flest i Sogn og Fjordane, heiter det berre ørn. Det blir ikkje skilt mellom kongeørn og havørn, for kunnskapen om artane døydde ut saman med fuglane da dei blei utrydda over det meste av Vestlandet. No er ørnene tilbake på plass, men kunnskapen om dei har ikkje følgt med. Kvar vår, når lamma blir sleppt ut på beite, kjem det talrike medieoppslag om flokkar av trugande ørner i beiteområda, og like sikkert som at ungørnene på hausten trekkjer ut mot kysten, dukker meldingane opp i dei same media om at ørnebestanden er i ferd med å ta heilt av. Begge delar gjerne rikt illustrert med bilete av havørn.

Da er det befriande å ta turen over fylkesgrensa til Møre og Romsdal. Der har havørna alltid hatt gode bestandar, og den er godt kjent blant folk. På fugleøya Runde går det nyfødde lam rundt på fjellet, samtidig som 8-10 havørner kretsar rundt. Ingen bryr seg, for folk har lært gjennom mange generasjonars erfaring at havørna ikkje er farleg for sauene.

Bileta under tok eg ein ettermiddag i april, oppe på Rundefjellet. Fire unge havørner leika seg med eit fuglebein oppunder himmelen, og nokre hundre meter unna låg sauar og lam spreidde utover. Slik dei har gjort det om våren i mange, mange år...

...og mens havørnene leika seg, låg lam og sauer og kvilte seg utan bekymringar. Her ute er det nok få eller ingen av journalistane i heimfylket som har vore på besøk.

 

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer