Amazonvatretreløparen og musa frå småskogen

9.11.2013

For eit tjuetalls år sidan sette ei gruppe personar seg som mål å finne norske namn på alle dei omtrent ti tusen fugleartane i verda. Resultatet er eit imponerande stykke arbeid som dei fleste av oss berre kan ane omfanget av. Og som om ikkje dette var nok, har også andre dyregrupper blitt gjennomgått – til dømes har norske pattedyrnamn fått ei overhaling. Men resultatet er prega av ein underleg preferanse for samantrekte eittordsnamn som til tider ber preg av at prinsippa har vore viktigare enn resultatet.

Omtrent på same tid som Norsk Ornitologisk Forening oppretta norsk namnekomité for fugl (NNKF), satt eg i styret for NOF. Der blei ei av mine oppgåver å formulere styret sitt innspill til ei av dei første listene med framlegg til fuglenamn.Eg kikka gjennom lista, og la merke til at alle fuglenamna var trekte saman til eitt ord. Det hadde visst noko med konsistens å gjere. Og denne konsistensen såg ut til å vere særs viktig; etter kvart som nye lister kom til kunne det faktisk sjå ut som om konsistensen var viktigare enn resultatet. Var det verkeleg meninga at dei norske kommentatorane til naturfilmar frå alle verdenshjørne skulle slite med namn som krattemusmett, grønhonningkrypar, kvitgumpfjellsporv, svartstrupebrednebb, småakialola og rustnakkespringvaktel? NOF-styret sitt første innspel til arbeidet med namnsetting av alle verdas fuglar blei ei oppfordring om å ikkje låse seg til eittordsnavn. Det ville vere synd å bringe ornitologien i vanry på grunn av artsnamn som først og fremst engasjerte smilebandet.


Grønhonningkrypar. Men kryp den verkeleg rundt i grøn honning?

Mange år seinare prøvde eg å leite fram norske namn på fuglar eg hadde registrert under ein utanlandstur. Da fann eg ut at namnekomiteen hadde fullført arbeidet sitt i 2008. Som allerede nemnt, eit verkeleg imponerande arbeid. Men eg fann også ut at eittordsnamna ikkje hadde blitt lagt til side. Det var beklemmande tett mellom ”høgdepunkt” som amazonvatretreløpar, kvittipptyrannulett og andre namn som verken kan uttalast eller forståast, om ein da ikkje er godt kjend innanfor fuglesystematikken. Men det var vel ikkje meininga å lage namnelister for systematikarane på musea? Arbeidet blei jo faktisk i si tid sett i gang ”med tanke på den økte reisevirksomheten blant norske fugleinteresserte, samt på grunn av naturprogrammer på TV og naturbøker fra fjerne himmelstrøk…” Det var med andre ord meininga at namna skulle kunne brukast og forståast av alle.

På same tid fann eg også ut at den nyoppretta Artsdatabanken hadde tatt namnearbeidet under sine venger. Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald, med hovudoppgåve å formidle oppdatert informasjon om artar og naturtypar. Det såg ut til at mange av deltakarane i NNKF framleis var i sving i ulike namnekomitear – og all mogleg ære til dei for det – men så var det desse eittordsnamna, da. Til og med gamle og innarbeidde namn hadde komitéfolket kasta seg over, for å få dei pressa inn i det merkelege eittordsopplegget. Resultata spelte visst ikkje så stor rolle; prinsippet såg ut til å vere det viktigaste.

No skal det til dømes ikkje heite stor skogmus lenger. No skal det vere storskogmus, som vel faktisk etter norske språkreglar ikkje betyr stor skogmus, men musa frå storskogen. Lita skogmus går heller ikkje lenger, den har blitt til småskogmus – musa frå småskogen.

Lita skogmus er sjølvsagt ikkje knytta til småskog, like lite som austmarkmusa er knytta til Austmarka. Problemet for namnekomiteen er at det ikkje går å bruke ordet ”liten” i eittordsnamn (litenskogmus). Og for å få pressa på det arme dyret eit eittordsnamn, har det altså blitt til musa frå småskogen. Ordet ”vanleg” kan heller ikkje brukast i eittordsnamn. Og dette blir sjølvsagt eit problem når det overordna målet med namnearbeidet har blitt å presse eittordsnavn på alle artar. Vanleg spissmus, som er den vanlegaste spissmusa i Noreg, heiter no krattspissmus. At den vanlege spissmusa er spesielt knytta til kratt er biologisk nonsens, men i det minste har den fått eittordsnamn…

Artsdatabanken sine namnereglar
Artsdatabanken pleier å ha ting på stell, så kva seier dei eigentleg om namnsetjing av dyreartar? Det finst faktisk eit sett med reglar, og dei ser slik ut. Eg har merka med raudt nokre som er spesielt relevante i denne samanhengen:

  • Et overordnet prinsipp er å endre minst mulig i forhold til tidligere etablerte navn. Dette gjelder også for arter som er assosiert med andre organismer, der disse bytter navn.
  • Navnet bør være beskrivende og/eller gi assosiasjoner som er karakteristiske for taksonet. Dette kan være økologi, farge og form, eller i noen tilfeller karakterer som fanges opp under mikroskop. Eksempler: Fjellklokkemose, strandvortemelk, brunfiolett slørsopp, rødvingetrost, stjernesporet rødskivesopp, fjellbloddråpesvermer
  • De vitenskapelige navnene og andre lands trivialnavn kan godt brukes som utgangspunkt for norske navn.​ Eksempler: Draba verna – vårrublom, Russula maculata – flekkremle, Sphagnum papillosum – vortetorvmose, Parnassius apollo – apollosommerfugl
  • Svenske eller danske trivialnavn bør brukes dersom de vurderes som gode og kan oversettes direkte til et godt norsk navn. Dette kan bidra til å sikre en mer enhetlig navnsetting på tvers av landegrensene i Norden.
  • Vakre og interessevekkende navn bør tilstrebes framfor navn som gir negative assosiasjoner.​ Eksempler: Huldreslørsopp, gullmose, praktlav, marinøkkel, sørgekåpe, sølvblåvinge
  • Navnet kan gjerne gjenspeile gruppetilhørighet, men skal også tilstrebe å være robust i forhold til endringer i klassifisering av gruppen.​ Eksempel: Fordi flere karplanter innenfor nærstående slekter i nellikfamilien slutter på -arve, er de robuste mht. flyttinger innenfor familien.
  • I tilfeller hvor en art har flere underarter, varieteter, former (infraspesifikke taksoner) i Norge, skal arten beholde det eksisterende navnet som hovedregel. De infraspesifikke taksonene gis egne norske navn. Om dette skaper problemer kan det eksisterende navnet gis til den vanligst forekommende underarten. Bruken av begrepet «vanlig» skal som hovedregel unngås på artsnivå, men det kan i enkelte tilfeller beholdes, spesielt på underarts-/varietetsnivå, når det ikke er mulig å konstruere gode nye navn.
  • Ved bruk av sammensatte navn bør de enkelte ordene være lett å identifisere for å unngå misforståelser. Eksempel: En soppart hadde navneforslaget rustrandpokal. Her burde navnet skrives rust-randpokal for å unngå at det oppfattes som ru strandpokal.
  • Navnet skal ikke være direkte misvisende
  • Navnet skal være språklig korrekt
  • Navnet bør være lett å uttale
  • Navnet skal være så kort som mulig
  • Navnet bør ikke innebære innbyrdes forvekslingsrisiko (dvs. at det bør være få identiske eller liknende navn mellom arter og mellom slekter). Art og slekt bør ikke ha samme navn hvis slekten har flere arter i Norge
  • Selvmotsigende navn skal unngås

Om vi held oss til musene frå høvesvis storskogen og småskogen, bryt namna prinsippet om å endre minst mogleg i høve til etablerte namn. Dei er sjølvsagt også direkte misvisande, ettersom dei to artane ikkje er knytte spesielt til verken storskog eller småskog; og av same grunn er dei heller ikkje språkleg korrekte. Merk dessutan at det i reglane over står ”ved bruk av sammensatte navn”, noko som betyr at det verken er eller bør vere eit mål at så mange artar som mogleg skal ha eittordsnavn!

Nokre få artar har faktisk klart å sleppe unna eittordsnamna. Det heiter t.d. framleis rosenhodet dvergpapegøye. Truleg skuldast dette at stovefuglmiljøet i Noreg ville ha seg frabede monstrositetar som rosenhodedvergpapegøye. Det har altså nytta for nokre å seie frå, sjølv om oppmodinga frå styret i Norsk Ornitologisk Forening om å gjere fuglenamna mindre til spott og spe i utgangspunktet ikkje gjorde særleg inntrykk på namnekomiteen. Svartkvit flogesnappar lev også framleis, kva no det måtte kome av.

Fuglen på biletet har vore kjent som svartkvit isfugl i mange tiår. Men tilogmed innarbeida namn som dette må vike, berre fordi dei er todelte. I dag står namnet terneisfugl på listene. Kva denne fuglen har med terner å gjere, er nok uklårt for dei fleste.

Både delte namn og eittordsnamn
Det har til alle tider vore både eittordsnamn og delte namn å finne blant norske artar. Mange av namna i begge grupper er innarbeidde gjennom generasjonars bruk, og det er ingen sakleg god grunn til at alle artar no skal ha eittordsnamn. Heller tvert om. Når det gjeld namn på utanlandske artar, er det relativt få som har godt innarbeidde namn. For mange av desse artane er hovudproblemet at dei har fått ufrivillig tøvete namn som både er vanskelege å forstå, misvisande, språkleg ukorrekte og vanskelege å uttale. Eg sier "ufrivillig", for eg reknar med at mange av dei er resultat av at namnekomiteen har vore fanga i sitt eige nett; det har ikkje vore mogleg å lage brukbare namn fordi eittordsregelen har vore ein hovudpremiss for arbeidet.

Amazonvatretreløparen, til dømes. Dei fleste har eitt eller annet tilhøve til ordet amazon, anten dei no tenkjer på bilen eller elva. Dei fleste klarar sikkert også å dra ut substantivet løpar på slutten av namnet, kanskje til og med treløpar. Men kva er ein vatre? Eller kanskje er det å vatre? Ein fugl som alltid er i vater? Kanskje er det snakk om eit vatretre? Vatretreet frå Amazonas som denne fuglen løper rundt på?

Ok, eg vaks opp med fuglebøker og kjenner til arten vatra astrild (no vatreastrild), så eg veit at vatring er mønster av bølgjeforma striper. Men uansett er og blir amazonvatretreløpar eit særs uelegant, krøkkete, vanskeleg og – tør eg leggje til - tøvete navn. Det blir eit hakk meir forståeleg som ”vatra amazontreløper”. Men her er det på sin plass å ile namnekomiteen til unnsetting; rett skal vere rett. Namna må jo henge saman systematisk også, og vatra amazontreløper kan derfor ikkje brukast det heller. Det namnet tyder jo på at det er fleire amazontreløparar, men det er det ikkje. Tvert om finst det to vatra treløparar, ein nordleg art som lever i mellomamerika og en som tydelegvis lever i Amazonas. Dei heiter Nothern Barred Woodcreeper og Amazonian Barred Woodcreper på engelsk (på det språket slepp ein enkelt unna eittordsnamna!), og NNKF har gitt dei namna nordvatretreløpar og amazonvatretreløpar. Begge namna er uforståelege for dei fleste, og dermed ubrukelege. Det same gjeld for så vidt vatretreløpar. Stripetreløpar er betre, men det namnet er brukt om ein annan art i ei anna slekt. Nordleg jungeltreløpar og sørleg jungeltreløpar er moglege løysingar, sjølv om namnet treløpar ikkje er spesielt bra i utgangspunktet. Dei vatra treløparane eg har sett dreiv ikkje akkurat og løp på trestammane, dei kraup vel heller – slik det engelske namnet woodcreeper illustrerar.

Treløparane er elles ei fuglegruppe som har fått mange ubrukelege namn på norsk. Etter å ha høyrt norske kommentarar til ein del utanlandske naturfilmar, er eg rimeleg sikker på at til dømes pantreløpar neppe kjem til å bli uttalt med trykket på rett stad. Treløpar er nemlig ikkje noko vanleg norsk ord, men det er derimot løpar. Derfor kjem namnet til å uttalast pantre-løpar. Samansettingar med mye brukte ord i mindre vanlege kombinasjonar fungerar sjeldan bra, men kan bergast med bruk av bindestrek. I så fall blir det pan-treløpar. Ikkje særleg elegant, men i alle fall forståeleg – i motsetnad til pantreløpar. Og så har vi plettreløparen, og sjølvsagt småtreløparen, som (i den grad den ikkje småtrar) formodentleg berre spring rundt på dei minste trea. Liten treløpar hadde vore eit både forståeleg og greit namn.

Det høyrest kanskje ut som eg morar meg på NNKF sine vegne, men det gjer eg ikkje; eg meiner tvert om det er synd at eit så stort og imponerande arbeid som det komiteen har lagt ned skal ende på denne måten. På grunn av eit uforståeleg og heilt unødvendig påfunn (eittordsnamn på så mange artar som mogleg) har ein vesentlig del av alle fornorska dyrenamn blitt ubrukelege. Kvifor har så eg – eller andre, for den del – ikkje reagert på dette for lenge sidan? Tja, for min eigen del håpte eg vel at saka skulle ordne seg på eiga hand, for ein måtte jo sjå at dette ikkje fungerte… Dessutan var høyringsrundane for lengst tilbakelagde da eg for ikkje så veldig lenge sidan fann ut at Artsdatabanken hadde tatt over det formelle ansvaret for namnearbeidet.

Framlegg til retningslinjer for samansette namn
Men det går jo an å vere konstruktiv, i det minste: Eg kan sjå at nokre eittordsnamn fungerar bra (ganske mange, til og med), det er jo lang tids tradisjon for slike også - sjølv om ein tidlegare (da det å lage forståelege namn var viktigare enn å finne namn som passa inn i eit prinsipp) rimeleg nok delte opp dei aller lengste namna. Eg vil derfor føreslå at ein går gjennom alle dyrenamn på norsk ein gang til, med utgangspunkt i Artsdatabanken sine reglar for namnsetting. Der står det ingenting om at eittordsnamn er eit mål i seg sjølv. Og for å unngå å hamne i eittordsnamneuføret på ny, kan ein gjerne sløyfe punktet om at ”namnet skal vere så kort som mogleg”.

I konstruktivismen sitt namn vil eg også føreslå nokre retningslinjer for den konkrete utforminga av samansette namn:

Ein- og toledda namn
Men før vi gir oss i kast med lange, samansette namn, kan det være greit å begynne frå bunnen av. Dei aller enklaste namna med berre eitt ledd, som trane, jerpe, hubro og padde, er det ikkje mange av. For slike namn er det ikkje grammatikken som er utfordringa, men at det med norske namn på utanlandske artar kan oppstå eit behov for å skilje dei frå slektningane sine. Hegre har til dømes blitt til gråhegre, fordi verda har blitt mindre og vi etter kvart har fått fleire hegrer å forhalde oss til.

Namn med berre to ledd går det elles greitt å setje saman til eitt ord. Stor+spove = storspove, grå+gås = grågås. Merk at ein i desse tilfella hektar eit ekstra ledd på einstavingord som i utgangspunktet allereie er dyrenamn (spove og gås). I dei fleste tilfelle er det da berre å stille det enkle spørsmålet ”kva er arten?”, for å finne den språkleg rette utforminga:

Den er blå → blåmeis
Den er stor → storspove
Den er vatra → vatra astrild (arten er ikkje ”vatre”, derfor ikke vatreastrild)

Forstavinga ”små” er litt problematisk. Ein art er jo ikke små, den er liten! Men bruken av ordet ”små” i denne samanhengen er likevel såpass innarbeidd i norsk (småbilen, småbarnet) at det fungerer når det hektast på einledda namn og resultatet blir toledda namn som t.d. smålom og småspove. Det er når ein skal hekte forstavinga ”små” på allereie samansette namn at problema melder seg i form av fleire tolkingsmuligheiter. Egentleg er det vel heller snakk om dårleg norsk når ein bruker ”små” som forstaving til samansette ord. Nokre døme: Små skogmus betyr at ein har med fleire skogmus å gjere, og at desse er små; lita skogmus betyr ”ei lita skogmus”, mens eintallsordet småskogmus betyr ”mus frå småskogen” og ikkje noko anna. Med dette avklart, kan vi jo halde fram å stille spørsmålet ”kva er arten”:

Den er austleg → austleg markmus (arten er ikkje ”aust”, derfor ikke austmarkmus)
Den er afrikansk → afrikansk saksenebb (arten er ikkje ”afrika”, derfor ikkje afrikasaksenebb)
Den er raudnebba → raudnebba treløpar (arten er ikkje ”raudnebb”, derfor ikkje raudnebbtreløpar)
Den er okervinga → okervinga treløpar (arten er ikkje ”okervinge”, derfor ikkje okervingetreløpar)

Samansette namn med tre ledd
Det er når det blir fleire ledd enn to at namneproblema og mistydingane kjem for alvor. Da blir det ofte ei utfordring å hengje med også for eit biologisk orientert publikum, for ikkje å snakke om folk flest (som vel også bør kunne forstå artsnamn?). Storflodugle kan til dømes bety ”stor flodugle” eller ”ugle som lever ved store floder”. Eg vet faktisk ikkje kva som er det rette svaret her, men gjettar på det første. I så fall bør namnet skrivast stor flodugle. Er det ingen tvil om kva namnet betyr bør det kunne skrivast saman, som i storhodesalangan. Sannsynlegvis vil svært få tru at dette betyr ”stor hodesalangan” (men ein veit jo aldri, derfor er storhoda salangan eit enda betre namn). Det finst nokre brukbare treledda namn på artslistene, men dei fleste er kunstige og tvetydige konstruksjonar som ser ut til å vere laga med det eine målet for auge at namnet skal skrivast i eitt ord. Nokre døme på treledda namn som er meir eller mindre forvirrande:
  • Storsvaleseglar: Dårleg namn. Storsvale-seglar eller stor svaleseglar? Orda segle og seglar er mye brukt i norsk, og det mest naturlege blir derfor å oppfatte namnet som storsvale-seglar. Bruk stor svaleseglar dersom det er det namnet betyr.
  • Stormeiskrypar: Dårleg navn. Stormeis-krypar eller stor meiskrypar? Orda krype og kryper er mye brukt i norsk, og det mest naturlege er derfor å oppfatte namnet som stormeis-krypar. Eller kanskje stormeiskrypar er ein iskrypar som lever i stormfylte farvatn? Bruk stor meiskrypar.
  • Stormaurrikse: Dårleg namn. Ordet rikse er betre kjent enn samansettinga maurrikse, og det mest naturlege er derfor å oppfatte namnet som ei rikse som har med spesielt store maur å gjere. Bruk stor maurrikse.
  • Svarthalsstork: Greit namn. Alle kjenner ordet stork, så den naturlege oppfattinga av namnet vil vere svarthalsa stork, som vel også er slik det er meint å skulle oppfattast.
  • Rustkragesporv: Greit navn. Rust er eit substantiv, og det kan derfor ikkje vere tvil om korleis namnet skal oppfattast på godt norsk (med adjektivet brun hadde det vore verre, for namnet brunkragesporv kan bety både brun kragesporv og brunkraga sporv). Hadde det eksistert kragesporvar og rustkragesporven hadde vore ein av dei, måtte namnet ha vore rust-kragesporv, rusten kragesporv eller rustfarga kragesporv.

Grunnreglar:
Dersom det første leddet er eit adjektiv, bør det stå fritt: Raud skogfrue, stor svaleseglar.
Dersom det første leddet er eit substantiv, kan det slåast saman med resten: Dvergspissmus.

Utfyllande reglar:
Dersom kjerna i namnet er eit allment kjent dyrenamn i eitt ledd (stork), kan forstavingane hengast på til eit eittordsnamn: Svarthalsstork.
Dersom kjerna i namnet er samansett av fleire ledd (maurrikse), må forstavinga eller forstavingane skiljast ut: Stor maurrikse, svarthalsa maurrikse, stor skogmus.

NNKF sitt eittordsprinsipp slår saman alle slags ord ukritisk, og øydelegg for den logikken som norsk vanlegvis fungerer etter: Svarthalsstork er eit greitt ord på norsk fordi stork er eit dyrenamn alle kjenner. Men folk flest har ingen føresetnader for å avgjere om det også kan finnast ei fuglegruppe som heiter halsstork. På godt norsk ville namnet i så fall ha vore svart halsstork, men bruken av eittordsprinsippet viskar ut alle haldepunkt, slik at ein berre må gjette på om svarthalsstork betyr svarthalsa stork eller svart halsstork...

Utan eittordsprinsippet, og med bruk av dei relativt enkle reglane over, vil vi derimot få samansette dyrenamn som fungerer og blir forstått.

Samansette namn med fire ledd
Fireledda eittordsnamn som okervingetreløpar bør det ikkje vere nødvendig å bruke. Okervinga treløpar er ikkje til å misforstå, mens NNKF sin samansette versjon er umogleg for ordblinde og ei utfordring for dei fleste andre. Nokre ord bør delast i tre delar, som stor blå vannymfe (stor blåvannymfe er ei stor vannymfe som anten har utbreiinga sin avgrensa til Blåvann, eller som lever i blått vatn).

 


Stor blå vannymfe. Det er vel ikkje så vanskeleg?

Geografiske namn
Dyrenamn med geografiske ledd kan vere vanskelege å lage gode reglar for. Dette har delvis samanheng med at nokre geografiske ord gjennom omfattande bruk har fått ein spesiell status, delvis at geografiske namn i bestemt form kan ha mange slags endingar som er meir eller mindre problematiske å setje saman med andre ord. Eit døme på det første er treet europeisk lerk. Tilhengarane av eittordsnamn har døypt om dette til europalerk, men min første assosiasjon går da i retning av at treet må vere ein maskot for europabevegelsen. Still heller det grunnleggande spørsmålet ”kva er arten?” Svaret er at den er europeisk, og at namnet dermed bør vere europeisk lerk (arten er ikkje europa, derfor ikkje europalerk). Tilsvarande blir det afrikansk saksenebb og amerikansk mink. Namnekomiteane som er hekta på eittordsnamn har sjølvsagt gått for europa-, amerika- og afrikaløysinga, men den kan uansett ikkje brukas konsekvent. Frankrikebulldog er definitivt eit dårlegare namn enn fransk bulldog.

Men så er det altså nokre endingar på geografiske namn i bestemt form som lagar problem for den enkle ”kva er arten”-løysinga. Peruviansk stormsvale er til dømes nokre hakk meir tungvint enn perustormsvale. Verre er det likevel at for nokre delar av verda finst det ikkje bestemte namneformer på norsk. Amazonisk brukast i svensk og dansk, men eg har ikkje sett det brukt i norsk. Da er amazonpapegøye definitivt å føretrekke. Og sjølvsagt med artsspesifikke forstavingar skilt ut for seg (blåpanna amazonpapegøye). Dersom det av ein eller annan grunn skulle vere eit mål å konstruere eittordsnamn sett saman av fleire ledd, bør ein heller legge geografiske problemord som amazon til side og finne på noko anna.

Apropos amazon: NNKF meinte at blåpanneamazon er eit betre namn enn det gamle blåpanna amazonpapegøye. Det er rett nok kortare, men kva er no eigentlig ein amazon? Den einaste grunnen til å sløyfe det oppklarande leddet papegøye var nok at ordet blåpanneamazonpapegøye blei for langt og uhandterlig, sjølv for NNKF. Prinsipp kan føre til mye rart, og når ein står på dei for prinsippa si eiga skuld, kjem det sjeldan noko godt ut av dei. Brunlangøre er til dømes ikkje ei kanin, men det nye namnet på langøyra flaggermus…

Norsk namnekomité for fugl starta namnsettingsprosessen, og har som nemnt gjort eit stort og viktig arbeid. Men eg håpar at komitéen vil vurdere å ta ein ny runde, med enda meir fokus på Artsdatabanken sine namnereglar og god norsk. Så følgjer forhåpentleg dei andre komitéane etter. Legg vekk eittordsnamneprinsippet, og gi artane norske namn som er forståelege. Så kan namnekomitéane lene seg tilbake på laurbæra sine og kvile. Velfortent.

 

 

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer