Miljøvennleg påske - utan palmeolje!

17.3.2013

Sjølv om denne nettsida først og fremst handlar om naturfoto, er det vanskeleg å halde seg einspora nok til å berre skrive om fotografering. Dessutan er forhåpentleg naturinteresse heilt grunnleggande for at vi driv med det vi gjer, og som naturvernarar er vi avhengige av nokre depresjonar no og då for å halde entusiasmen oppe. Her kjem derfor ein dose depressiva - men av typen vi i alle fall i teorien kan gjere noko med.

Dei tropiske regnskogane inneheld meir enn 50% av alle kjente artar på jorda, men dekker berre 7% av jorda sitt landareal. Og dei dekker mindre og mindre areal for kvar dag som går. Prosentmessig er det i søraust-Asia at dei tropiske regnskogane forsvinn fortast, av den enkle grunnen at der er det så lite skog igjen at ein nærmar seg nullpunktet. I Indonesia er tre firedelar av regnskogen fjerna, og på Papua Ny Guinea er ein firedel borte. Blant årsakene til denne utviklinga er den rike verda (oss) sitt behov for å finne på noko å bruke alle pengane våre på, anten det no er teakdekk på den nye seglbåten, eller sjokolade til påskekosen.

Sjokolade til påskekosen? Korleis kan Kvikklunsjen truge regnskogane, vil ein kanskje spørje i meir eller mindre rettferdig harme. Svaret er ganske enkelt at dei som produserer Kvikklunsj har valt å bruke palmeolje i sjokoladen. Palmeolje er ei billeg vegetabilsk olje som utvinnast frå oljepalmen (Elaeis guineensis). Palmen stammar frå Vestafrika, men dyrkast i dei fleste tropiske område - og etablering av oljepalmeplantasjar er for tida den viktigaste årsaka til at regnskogane i land som Indonesia og Malaysia blir øydelagte. Palmeolje har funne mange bruksmåtar, og i jakten på raske pengar har store selskap etablert oljepalmeplantasjar der areal har vore tilgjengeleg, og utan tanke på konsekvensar for verken natur eller lokalbefolkning. Raskast har utviklinga sjølvsagt gått i land der ein kan kjøpe seg velvilje frå korrupte politikarar, og der lokalbefolkninga sine interesser er lette å overkøyre. Verst er situasjonen i Indonesia, som i utgangspunktet hadde eit enormt artsmangfald i dei tropiske regnskogane. Landet har sikkert også ei slags miljølovgiving, men den er det få som treng å bry seg om i eit land der korrupsjon er regelen og ikkje unntaket (berre 32 av 100 poeng på Transparency International sin korrupsjonsindeks for 2012).

Tilbake til Kvikklunsjen: Den inneheld rett nok ikkje mye palmeolje, men kvar pakke som blir kjøpt er med på å oppretthalde etterspurnaden, og dermed også behovet for å rydde stadig meir regnskog. Slik sett er kvar pakke med på å utrydde orangutangen, treleoparden og sumatranesehornet. Orangutangen har blitt eit symbol for kampen for å bevare dei siste, urørte restane av regnskog i Søraust-Asia. Den kampen er nok tapt, i alle fall med tanke på å bevare store og nokolunde urøyrte regnskogsområde. Det er i dag berre Papua Ny-Guinea (den ikkje-Indonesiske delen av Ny-Guinea) som har store, samanhengande regnskogar igjen i denne delen av verda. Øydelegginga går med andre ord så fort at no står det igjen å berge stumpane.

Heldgvis er det mye mat som blir produsert utan bruk av palmeolje, både når det gjeld sjokolade og andre matvarer. Desse produkta blir laga av andre planteoljer, som rett nok produserast minst like industrielt som palmeoljen - men produksjonen skjer i stor grad på areal der det ikkje har vore natur å snakke om på generasjonar, for lengst øydelagte område i alle verdsdelar, som ikkje har biologisk mangfald å snakke om. Det er trass alt betre å utnytte allereie øydelagte landareal til jordbruksproduksjon enn å fjerne dei mest artsrike naturområda i verda for å gjere det same.

Det er mange kjente produkt som inneheld palmeolje, men dei fleste produsentane let vere å bruke eit så belasta namn i produktinformasjonen sin. I staden for palmeolje skriv dei vegetabilsk olje. Vi kan trygt gå ut frå at "vegetabilsk olje" betyr palmeolje, for dei som bruker andre planteoljer seier klårt frå om det! Kjøp derfor ikkje produkt som oppgir at dei inneheld "vegetabilsk olje". Regnskogsfondet og Grønn Hverdag har laga ein palmeoljeguide der du kan sjå kva matvarer som inneheld palmeolje, og kor mye. Kjende merkevarer som Freia har ein del svin på skogen, men det er det fleire som har. Og dei fleste har produkt både med og utan palmeolje. Så det beste er kanskje ikkje å boikotte produsentane, men merkevarene. Dersom ingen kjøpte Kvikklunsj i påsken, ville sjokoladen garantert dukke opp utan palmeolje i løpet av kort tid! Blant produsentar med mye bruk av palmeolje er det likeve verd å nemne Bjørken (kaker), Coop (kjeks, margarin), Freia (sjokolade), ICA (kjeks, nøtter, taco..), Lantmannen (bakevarer), Nestlé (kaffeprofukter, sjokolade), Nidar (sjokolade), Rema 1000 (sjokoladepålegg, taco..), Rieber & Søn (Mr. Lee nudler), Sætre (kjeks) og Unil (First Price kjeks, margarin, sjokoladepålegg, taco..).

Dei mest konstruktive blant oss vil kanskje ikkje hengje seg så mye opp i kva produkt dei skal unngå, men sjå saka frå den andre sida: Kva produkt kan vi kjøpe? Men det er ikkje heilt enkelt å svare, for dersom du t.d. lurar på kva sjokolade du bør ta med på påsketur, er det så mange å velje mellom. Melkesjokolade, kanskje?

Palmeolje er billeg, og dei som tener pengar på å bruke billege råvarer vil heilt sikkert snart svare på den aukande motstanden mot miljøøydeleggande produkt ved å føreslå ei sertifiseringsordning for palmeolje. Slik det tidlegare er gjort med trevirke og fisk. Dessverre har desse sertifiseringsordningane det med å bli undergravde temmeleg raskt. Som til dømes av møbelforhandlarar som Jysk, som sel hagemøblar med "70% sertifisert tropisk trevirke". Det enklaste er vel berre å kutte ut all handel med varer som gjer dei styrtrike rikare, dei fattige like fattige, og som øydelegg dei mest verdfulle naturområda på jorda. 

God Påske!

 

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer