Blogs

Amazonvatretreløparen og musa frå småskogen

9.11.2013

For eit tjuetalls år sidan sette ei gruppe personar seg som mål å finne norske namn på alle dei omtrent ti tusen fugleartane i verda. Resultatet er eit imponerande stykke arbeid som dei fleste av oss berre kan ane omfanget av. Og som om ikkje dette var nok, har også andre dyregrupper blitt gjennomgått – til dømes har norske pattedyrnamn fått ei overhaling. Men resultatet er prega av ein underleg preferanse for samantrekte eittordsnamn som til tider ber preg av at prinsippa har vore viktigare enn resultatet.

Miljøvennleg påske - utan palmeolje!

17.3.2013

Sjølv om denne nettsida først og fremst handlar om naturfoto, er det vanskeleg å halde seg einspora nok til å berre skrive om fotografering. Dessutan er forhåpentleg naturinteresse heilt grunnleggande for at vi driv med det vi gjer, og som naturvernarar er vi avhengige av nokre depresjonar no og då for å halde entusiasmen oppe. Her kjem derfor ein dose depressiva - men av typen vi i alle fall i teorien kan gjere noko med.

Dei tropiske regnskogane inneheld meir enn 50% av alle kjente artar på jorda, men dekker berre 7% av jorda sitt landareal. Og dei dekker mindre og mindre areal for kvar dag som går. Prosentmessig er det i søraust-Asia at dei tropiske regnskogane forsvinn fortast, av den enkle grunnen at der er det så lite skog igjen at ein nærmar seg nullpunktet. I Indonesia er tre firedelar av regnskogen fjerna, og på Papua Ny Guinea er ein firedel borte. Blant årsakene til denne utviklinga er den rike verda (oss) sitt behov for å finne på noko å bruke alle pengane våre på, anten det no er teakdekk på den nye seglbåten, eller sjokolade til påskekosen.

Til krig mot naturen

8.9.2012

Senterpartiet mister veljarane sine til Framstegspartiet, og er no under sperregrensa for representasjon på Stortinget. Programkomiteen i Sp har derfor jobba med å utarbeide eit nytt partiprogram som kan lokke veljarane tilbake, og det ser ut til at taktikken er å overgå Framstegspartiet når det gjeld miljøpolitikken. Senterpartiet har allereie markert seg i så måte med ein olje- og energiminister som meiner det er uproblematisk med oljeboring i Arktis, og ved å definere "bærekraftig skogbruk" som skogbruk der hogsten ikkje er større enn tilveksten. For å toppe dette, føreslår no programkomiteen i senterpartiet at det skal bli fri jakt på ulv i Noreg.

Ørneleik

25.5.2012

Å bu landleg til er stort sett berre positivt - naturleg nok, ettersom nærkontakt med naturen er det som skal til for å gi livet meining. Men det må likevel seiast at ikkje alle sider ved livet i eit fylke med overvekt av rurale verdiar er like positive. Noko av det som stundom gjer at ein ikkje veit om ein skal le eller grine, er at delar av befolkninga tilsynelatande har eit syn på rovdyr som best kan beskrivast som kunnskapslaust. Denne tilstanden er nok i stor grad påverka av tallause små avisredaksjonar og ein lokalradio som ikkje har kritisk journalistikk som sine kjennemerke, for året rundt er det eit konstant surr i media om rovdyr som eit trugsmål mot landbruket i Sogn og Fjordane - trass i at alle som tar seg bryet med å lese landbruksforvaltinga sine eigne tal veit at minst 90 % av alle sauar som stryk med gjennom beitesesongen på Vestlandet døyr av flogemakk, flått, alveld og diverse sjukdommar, eller dyra går seg fast, veltar, eller ramlar utfor i terreng dei ikke er tilpassa å ferdast i.

Snøheim, Reinheim og villreinen: Ja takk, begge delar?

14.3.2012

Etter at forsvaret omsider la ned skytefeltet sitt på Dovre, har DNT no fått tilbake den tidlegare turisthytta Snøheim, som blir gjenopna til sommaren. Allereie i fjor var det rikeleg med biltrafikk på vegen til Snøheim, ein veg som i utgangspunktet skulle fjernast saman med andre av forsvaret sine anlegg i området, men som etter lokalt engasjement likevel ser ut til å bli verande. Alt ligg dermed til rette for to parallelle innfallsportar til hjartet av Dovre: Snøheimvegen, som etter alt å døme kjem til å bli langt meir belasta av biltrafikk enn tidlegare, og stien innover Stroplsjødalen til Reinheim, som er mye brukt til fotturar.

Retningslinjer for manipulering av naturfoto?

11.12.2011

Diskusjonen om manipulering av fotografi er nesten like gammal som fotografiet sjølv. I fjor haust fekk den negative tydinga av ordet "manipulering" svært brei merksemd i naturfotomiljøet (og utanfor), og naturleg nok blei det her og der pusta støv av ulike framlegg til etiske reglar for manipulering av bilete som har lagt og støva ned sidan sist debatten var oppe. Men særleg konkrete framlegg er enno ikkje lagt på bordet - og blir det kanskje ikkje denne gangen heller. For sjølv om det har kome nokre tilløp til konkretisering med ujamne mellomrom opp gjennom naturfotohistoria, har vel stort sett lufta gått ut av ballongen før den har klart å lette frå bakken. Truleg skuldast dette at manipulering for det første er eit ubehageleg emne å diskutere fordi det gjeld så mange av oss - og for det andre går den tekniske utviklinga så fort at nye bølgjer med mulegheiter for justering av digitale bilete veltar over oss før vi er ferdige med fintenkinga etter forrige runde.

Litt om rovdyr og sau

17.9.2011

I det forrige innlegget mitt skreiv eg nokre ord om norsk natur som kulisser; at den mangla store rovdyr og slik sett berre er ei fattig tilnærming til dei økosystema som ein gang eksisterte. Dette fekk meg til å fundere litt meir over dei faktiske grunngjevingane for den norske rovdyrpolitikken. Kva er til dømes den praktiske grunngjevinga for at Vestlandet ikkje skal ha ynglande bestandar av dei store rovdyra? Den direkte forklaringa er at politikarane har bestemt at husdyr på beite skal ha prioritet framfor rovviltet i denne regionen, men for å forstå kvifor dette er gjort, har eg funne fram diverse tal som eg vil presentere utan særleg mange kommentarar. Dei får tale for seg, så får kvar og ein vurdere om tal og tiltak heng logisk saman.

Fjellreven er tilbake!

14.9.2011

Norsk natur er relativt fattig på dyreliv. Som vestlending er eg i tillegg fråteken retten til å oppleve store rovdyr ute i naturen, i alle fall i min eigen natur. Skal eg få ekte naturopplevingar i intakte økosystem må eg derfor ut av eigen landsdel. Etter kvart har det blitt lenger og lenger å reise, og kjensla av at vi har mista noko grunnleggande har blitt meir og meir påtrengande med åra. Natur utan rovdyr? Fjell utan lemen, fjellrev og snøugle? Norsk natur har blitt til kulissar, relativt livlause kulissar, der bøndene sender sauene sine ut for å klare seg som best dei kan gjennom sommaren, og der uendeleg mange jegerar skal køyre dei like mange firehjulstrekkarane sine heilt til endes på fjellvegane for å tyne småviltbestandane til det ytterste - og deretter undre seg over kvifor det er så lite rype å sjå.

Naturfotografenes bidrag til å ta vare på det biologiske mangfaldet

28.8.2011

I den siste tida har eg stått tidleg opp, før sola har kome over fjella og varma opp nattedoggen, og reist opp til eit lite tjern for å fotografere augestikkarar på nært hald. Midt på dagen er dei for aktive og oppmerksame til at det er mogleg å kome nær innpå dei, men i dei kjølige morgontimane sit augestikkarane i vegetajonen rundt tjernet og ventar på solvarmen. Så sant eg finn dei i sivet, er det mogleg å stille opp stativ og kamera med makroobjektivet heilt opp i fjeset på dei utan at dei kan gjere stort med saka, og i alle fall ikkje stikke av. Dei sit der, dekte av doggdråpar, og kan ikkje gjere stort før kroppstemperaturen har stige ganske så mange gradar. Berre dei små blå vannymfene viser at dei oppfattar kva som skjer, for kjem ei hand for nær, svingar dei til sida som eit flagg som endrar retning i vinden. Men meir enn det blir det ikkje. Ein svært så givande situasjon for fotografen, og eit sjeldant høve til å få studere nokre av naturen sine flyktige organismar på svært nært hald.

Farvel til spetteskogen

27.6.2011

I indre Sogn ligg fleire skogområde med heilt spesielle kvalitetar. I alle fall synest hakkespettane å å setje pris på dei lokale naturtilhøva, for alle dei norske hakkespettartane utanom svartspetten er funne hekkande her. I helga var eg innom eit av desse områda for å sjå korleis det gjekk med flaggspettane som hekka i eit stort ospetre. I mine tidlegare heimtrakter ved kysten er ikkje flaggspettreir kvardagskost; der var kvitryggspett og gråspett dei vanlegaste artane, mens flaggspetten stort sett berre dukka opp om vinteren. Eit reirhol med flaggspett er derfor litt spesielt.

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer